ENG

Møte & konferanse

Ein møtestad i Sunnfjord

Villa Åmot er ein god stad å halde leiarmøte og styresamlingar. Vi har gode og høvelege møterom for store og små grupper frå 6-150 personar, og har lang og god erfaring med å legge til rette for ulike møter innan kultur, det offentlege og næringslivet. Her kan de velje mellom eige, tilpassa opplegg eller ein av våre fire pakkeløysingar.  Desse pakkane kan ein oppgradere dersom det er ynskjeleg. 

Dagmøte 

09:00-16:00

Samle tilsette eller forretningsforbindelsar for fullt fokus og friske tankar i vakre, inspirerande omgjevnadar. Vi serverer sveler og heimelaga granola med gresk yoghurt når du kjem. Lunsjalternativa er ein to-rettars meny, eller buffét med lokale råvarer.

PRIS FRÅ KR 750,- PER PERSON

Kveldsmøte

17:00-22:00

Start med eit møte og avslutt med ein to-rettars middag. Gje dei tilsette eller dine gjester ei annleis møteoppleving. Kveldsmøte-pakka er fin å kombinere med “frukost til frukost”. Vakne utkvilt til ein god arbeidsdag i uforstyrra omgjevnadar. 

PRIS FRA KR 750,- PER PERSON

Frukost til frukost

09:00-11:00 neste dag
INNTIL 19 personer fordelt på 10 rom 

Her får dykk heile garden og tunet for dykk sjølve. Vi tek i mot dykk med nylaga frukost på kjøkkenet i Operalåven. Inkludert i pakken er to-rettars lunsj, og fire-rettars middag med vinpakke og kaffi avec. Frukost vert servert i Operalåven, og møtelokalet står til dykkar disposisjon fram til avreise kl 11.00.   

TA KONTAkT FOR PRISTILBOD

Lunsj til lunsj

12:00-13:00 NESTE DAG
INNTIL 19 PERSONER FORDELT PÅ 10 ROM 

Med denne pakken får de heile garden og tunet for dykk sjølve. Inkludert i pakka er to-rettars lunsj begge dagar, fire-rettars middag med vinpakke og kaffi avec, samt ein herleg frukost i Operalåven. Utsjekk frå romma er kl 11:00. Møtelokalet står til dykkar disposisjon fram til avreise kl. 13.00.  

TA KONTAKT FOR PRISTILBOD

ALLE VÅRE MØTEPAKKAR INKLUDERER

  • Kurslokale
  • Prosjektørar
  • Lydanlegg 
  • Mygg og mikrofon
  • WIFI fibernett i alle bygg
  • Flipover
  • Kaffi/te og herlege forfriskingar heile dagen
  • Lunsjbuffè
  • Vertskapet er til stades under heile opphaldet

Oppgraderinger og valgfrie tillegg

Maxitaxi tur/retur Førde 

Avgang frå Rutebilstasjonen kl 08:30. Bilen returnerer til Førde kl 16:30. Null stress.

Kr 150,- per person
Sov ut etter møtet

Vi har 10 dobbeltrom og 8 bad. Nylaga frukost servert i låven sitt kjøkken er inkludert. 

Spør oss om pris.

Pausemat om ettermiddagen

Vi serverer heimelaga, innbakte hjortepølser frå Vereide, sandwich med røykelaks frå Svanøy, og dagens kake. 

Pris kr 100,- pr person 

Vi tilbyr også gruppeaktiviteter i vakre Sunnfjord, som gjer møtene ekstra minnerike

Slik kjem du deg til Villa Åmot

Det er opp til dykk.

Vi kan også tilby eit rikt utval av andre opplevingar, frå kunstmuseum til rafting på elva Jølstra og vandring på bre. Ta kontakt for tilbod.

Snakk med Steinar