ENG

Om oss:

Velkommen til tunet

Villa Åmot i Sunnfjord gir luksuriøse rammer til landleg og frodig idyll. Vi legg til rette for at du skal ha eit fantastisk opphald hos oss. Tunet ligg omkransa av snøkledde fjelltoppar, eirgrønt beitelandskap og ein vakker prydhage. 

Aktivitetar

PANORAMABILTUR LANGS NASJONAL TURISTVEG

Opplev Dalsfjorden og Sognefjorden frå ein Nasjonal Turistveg. Vi byrjar reisa på Vikinggarden Osen, køyrer opp til det fantastiske Utsiktspunktet på Gaularfjellet og rundar av med lunsj, museum og galleri i kulturbygda Balestrand – der Keisar Wilhelm brukte å feriere.

NASJONAL TURISTVEG

TUR PÅ STOREHESTEN (1209 MOH)

Storehesten er på lista over ting du må gjere i Sunnfjord. Vi pakkar lunsj frå Villa Åmot og legg ut på ein guida tur. Det er ein relativt krevjande tur som tar ca 3 timar opp – vel verdt slitet, for frå toppen kan du nyte utsikt over heile Sogn og Fjordane. 

STOREHESTEN

LAKSEFISKE I GAULA

I Osfossen ligg Norges eldste laksetrapp. Området er ettertrakta av laksefiskarar frå heile verda. Vi legg selvfølgelig til rette for alt det praktiske i samarbeid med våre gode naboer på Lervik gard, men fisken må du sjølv fange. Kan dere kanskje nyte sjølvfanga fisk til middag?

Lervik gard

PRIVAT BÅTCRUISE PÅ DALSFJORDEN MED FERSK SJØMAT TIL LUNSJ 

På det smalaste er fjorden berre ein halv kilometer brei – landskapet er som kappa av ein kniv. Om du vil stoggar båten ved Laukelandsfossen, så du kan symje i det mektige fossefallet. Til lunsj serveres fersk fisk og sjømat frå garden til kapteinen, ein stad som berre er råd å komme til med båt. Her får du innblikk i gardsdrift i gamle dagar.

GUIDA KAJAKKTUR I DALSFJORDEN

Vår guide frå Go Kajakk tek deg tett på naturen, dyrelivet og den mektige naturen. Undervegs får du historieforteljing og matlaging i naturen. 

Go Kajakk

TUR I KULTURLANDSKAPET MED ANGUSBONDEN

Vår nabobonde Øystein Furnes driv produksjon av grasfora Aberdeen Angus. Ein fottur med han i kulturlandskapet, er en populær opplevelse. Han fortel om dyra og restaurering av landskapet. Det er mogleg å kjøpe kjøt med seg heim. 

Furnes Angus