ENG

SELSKAP:

“Vi må ete fyst!”

Matbordet er sentralt i alle store hendingar og høgtider i livet. God mat løftar oss – gjev glede, trøyst og næring. Som vi seier i Sunnfjord ”Vi må ete fyst”. Kokkane våre diskar opp rettar med reine, ekte smakar, laga av råvarer levert på døra av lokale produsentar: angus, fjordfe, viksdalsaure, sjøkreps og hjort. I skogen haustar vi granskot og ramslauk. Frukt, urter og grønsaker kjem frå eigen hage.